Sommartur med Randaberg Historielag til Fogn – søndag 21.august

Vi startar med buss frå Randaberg Sentrum, Forsamlingshuset, kl. 08.00, og køyrer Rennfast og Finnfast og tek ferja frå Judaberg på Finnøy til Fogn kl. 09.15. På
Fogn møter vi brørne Malvin og Øystein Sandanger som guidar oss på bussturen
rundt øya. Mellom anna vil vi få høyra den interessante historia om utvandringa
frå Fogn til Amerika. Vi vil gjera stopp på lokalhistorisk interessante stader,
før vi besøker eit moderne gartneri som produserer mange mål med spesialtomatar.
Eigaren, Ståle Runestad, syner oss rundt og orienterer om produksjonen.

Bussturen går vidare til Erås bygdemuseum, der eldsjelene Malvin og Anders Sandanger
syner oss museet og orienterer om gjenstandane der.

På Erås får vi smake på den spesielle saupkaka, og vi skal eta oss gode og mette
på grillmat og is med eigenproduserte bjørnebær. Malvin produserer både tomatar
og bjørnebær i veksthuset sitt, og vil syna oss dette.

Det blir også høve til eit besøk i nabolaget, i Thor Jansen sin tauverkstad. Han
har eigen reperbane for hamptau, og er reine kunstnaren med omsyn til alt han
produserer av hamptauet. Han sel produkta han lagar, så det bør bli høve til
ein handel.

Vi vil også nemna at det blir høve til å kjøpa både spesialtomatar og vanlege
tomatar til grossistpris hjå Ståle Runestad og Malvin Sandanger.

Ferja returnerer frå Fogn kl. 16.15 og då skulle vi vera tilbake på Randaberg ein
gong mellom kl. 17.00 og 17.30.

Turen kostar kr 350 pr. person. Det dekkjer buss, bompengar og ferje. Historielaget
spanderer maten. Påmelding innan 15. august til;

Dag Raustein, tlf.51417047–mob.90057457,e-post:
draustei@online.no

Gunvor B.Randeberg,
tlf.51417775-mob.97548432, e-post:gu-b-ran@online.no

På grunn av busskapasiteten er det avgrensa med plassar, så ver rask å melda dykk
på.

Vel møtt til ein triveleg sommartur til ei verkeleg Ryfylkeperle.

Styret i Randaberg Historielag

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s