Sundagstur til Arne Garborgs rike

Randaberg Historielag sin tradisjonelle sundagstur går dette året til Jæren, til Arne Garborgs rike i Time kommune. Dagen er sundag 18. august, med start med buss frå Randaberg kl. 09.00 og retur seinast kl. 17.00.

Me har vore så heldige å få med oss Garborg-entusiasten Torstein Tunheim som guide. Han vil både fortelja om Arne Garborgs liv og virke, og formidla frå diktinga hans.

Me skal innom Garborgheimen, Knudaheio, det nye Garborgsenteret på Bryne, Bygdemuseet på Undheim og me tek ein kjøretur innom den store vindmølleparken i Undheimområdet.

Det blir sjølvsagt solid middag innimellom alt det andre. Middagen blir på Karlsbu.

Turen vil kosta kr 450 pr. deltakar. Då er middag m/dessert og kaffi, alle inngangsbillettar, buss og guide inkludert.

Påmelding til turen til:

Gunvor Børve Randeberg, tlf. 51 41 77 75/975 48 432,

e-post: gu-b-ran@online.no, eller

Dag Raustein, tlf. 51 41 70 47/900 57 457, e-post: draustei@online.no.

Først til mølla, osv……

Siste frist for påmelding er fredag 9. august.

Styret

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s