Randaberg Historielag inviterer med dette til den tradisjonelle, årlege sundagsturen, og i år går turen til lengst sør i fylket vårt.
Avreise med buss frå Randaberg sentrum, Forsamlingshuset, kl. 08.30.
Etter eit par timars køyring kjem me til Sokndal og møter guiden vår for dagen, Rolf Volden. Han er leiar i Sokndal Historielag, og arbeidde i mange år ved Titania AS, før han blei pensjonist.
Første stopp blir på Tellnes, ved dagbrotet til Titania AS, der me får køyra heilt inn på gruveområdet og få ei grundig orientering frå Volden.
Frå Tellnes går turen til Helleren i Jøssingfjord, med dei velkjende husa under helleren. Me får historia om husa, og sikkert anna historie også herfrå.
Så er det tid for middag. Den inntek me på Soknatun, på Hauge, og me skal sjølvsagt også ha dessert og kaffi.
Gode og mette tek me vidare, men bare ein kort tur, for me skal innom den vakre kyrkja på Hauge, ei krosskyrkje som er velkjent og nokså eineståande.
Me kan ikkje dra til Sokndal utan å få me oss «Stranno», vakre Sogndalsstrand. Etter besøket i kyrkja dreg me derfor dit og får ein guida spasertur i den gamle busetnaden her.
Så set me kursen heimatt og reknar med å vera tilbake på Randaberg mellom kl. 18.00 og 18.30.
Prisen for turen, middag og alt anna inkludert, blir kr 400 pr. person.
Påmelding seinast fredag 1. august til:
Gunvor Børve Randeberg, tlf. 51 41 77 75/975 48 432
Jostein Nybø, tlf. 51 41 76 72/906 07 749
Dag Raustein, tlf. 51 41 70 47/900 57 457
eller på e-post til: draustei@online.no
Me har plass til rundt 50, og først til mølla…. Medlemmer med ektefelle/følgje vil ha førsteretten, men dersom det er ledig plass, er også andre velkomne.
Styret i Randaberg Historielag